10,981    8    1  

Älvsbyhus Snøhvit

 7     Sogn     0
Til byggbygg:
Har bestilt mitt "Älvsbyhus - snøhvit" og har hittil kun signert avtalen. Eg ventar no på kontrakt med tilvalgslister (har alt gjort nokre tilvalg som husmorvindauger, gavelbalkong, sprosser og kjøkken med levrandøren min, men skal no snart ta resten som å bestemme farger, måling/tapet, mønster etc.)

Vårt første møte var i veke 6 - da signerte eg avtale. Min levrandør kom hit på synfaring på tomten i veke 8. All informasjon om husbestilling vart sendt Sverige i veke 9. Eg ventar no som sagt på kontrakt, endelege teikningar og tilvalg/valg. Mitt hus skal etter planen komme i veke 33 og være klart for overtaking i veke 40. Da har ein tatt høgde for lang postgang, ferie, somling etc ...

Levrandøren i Bergen virkar veldig ryddig og proff. Eg har lese mykje dårleg, men også mykje bra på nettet om dette firmaet. Har prøvd andre huslevrandørar, men greier ikkje å få budsjettet ned dit eg vil ha det. Med ABH er det lettare å ha økonomisk kontroll og da eg får den romløysinga eg ønskjer meg, så er det ikkje mykje å lura på for min del. Men, har bestemt å leige inn takstmann på overtakelsesdagen og på 1 års kontroll.

Lykke til  :)


  (trådstarter)
   #2
 7     Sogn     0
Tomten står no nesten klar. Røyrleggjar kjem 24.8 og skal ordne tilknytning og opplegg bort til huset. Eit byggeteam frå Vikersund kjem i slutten av den veka for å sette opp grunnmuren. Min kontaktperson i Äbh kjem i månadsskriftet aug/sept for å sjekke at alt er klart. Huset blir produsert i veke 37 og levert 21.9.10. Overtakelsesdag er sett til 09.11.10 kl 14 00 ... .hehe ... så hittil går alt etter planen.

Dette er første hus i kommunen, så det er naturleg nok ein del spenning knytta rundt dette. Skal følgje nøye med i prosessen framover ....  Smile
Fox
   #3
 519     Østfold     1
Blir spennende å se hvordan bygget blir. Snuser litt på  Älvsbyhus selv, men er veldig usikker.
kss
   #4
 2     Sør-Trøndelag     0
Hvordan går det med byggeprosessen, Byggeglede?
Jeg er i ferd med å inngå avtale med Älvsbyhus selv, så det er spennende og følge med andre som har kommet lengre i prosessen. Smile
  (trådstarter)
   #5
 7     Sogn     0
Hei!
Dette går veldig bra, hittil. Huset kom til rett tid - halvparten veka før og dei siste modulane og loft + resten av byggesettet kvelden før. Det tok nøyaktig 2 timar å sette opp 5 modular - deretter vart gavlane og takstolar sette opp. Før kvelden den 21.9 var slutt stod huset oppe med tett tak. Det var bra, sidan dagen etter starta regnet!!!

Huset var pakka inn i to lag med plast og i ytterste laget - presenningen - hadde det lagt seg vatn som desverre rann ned i isolasjonen i taket over hallen. Dette var ting som hende av og til, og det var tydleg at snekkarlaget var obs på dette. Plasten vart opna og den blaute isolasjonen vart bytta ut med tørr.

6 snekkarar jobba i 5 dagar, da var huset ferdig med loft og flott inngangsparti. Tak og golv vart lagt, skåp monterte etc. Taklistene vart monterte før tapetisering men dei er spesielle. Her kan ein legg tapeten opp under lista utan problem. Golvlistene ligg klare, så dei skal nok på til slutt. Gavlverandanene vart bygde frå grunnen av. Vaskerommet til Snøhvit er 10 ganger bedre enn forventa. Nibe varmepumpa går døgnet rundt og held ein jamn temp i huset på 27-28 grader - slik skal det stå og tørke til 25.10 - da kjem Älvsbyhus og tapetiserer. Tapeten som eg har valgt for lenge sidan, ligg klar i huset.

Om eg skal framheve noko ekstra positivt med Snøhvit må det vere vaskerommet - KVALITET, romsleg og lekkert. Vaskeskåp med innsats til vaskeutstyr ... visste ikkje at det eksisterte eingong! Mange skåp og ei super benkeplate. Stilige lampar i taket. 3 fine kvite utlampar var også inkludert. Men, badet var litt mindre enn forventa og ein kan ikkje kalle innredninga for baderomsinnredning, men det er det heller ngen som har gjort. Den opne løysinga i hall, stove, spisestove og kjøkken var bedre enn forventa. Det at stova er lita merkast ikkje så godt sidan det er open løysing. Eg vurderar å lage ein vegg i glasbyggerstein eller ha doble glasdørar for å hindre varmetap om vinteren når ungane står med open ytterdør og snakkar med kameratar .... Men, skal sjå korleis det går utan vindfang først.

Kjøkkenet er også supert, innredninga er meir "eksklusiv" enn forventa, benkeplater i mørk grått med spetter er kjempelekkert. Induksjonsopp, side-by-side kjøleskåp og fryseskåp er store. Herleg med steikeovn og micro på i arbeidshøgde ....

Eg har hatt tilsaman 9 snikkarar innom for å sjå huset, ingen har sagt noko negativt. Dei som eg kjenner godt av dei har eg spurd om å få ærlege svar om kva dei tykkjer. Berre positivt! Eg hadde 4 frå island og 2 polakkar. Ville helst ha norske og vart egentleg lovd eit team frå Hallingdal, men er uansett veldig fornøgd.

Lykke til med valget ditt .... eg ser ikkje nokon grunn til å ikkje velge Älvsbyhus! Vil du sjå bilete eller ha meir kontakt, så kan du maile meg på PM.
kss
   #6
 2     Sør-Trøndelag     0
Så bra! Smile Høres herlig ut, og jeg gleder meg noe vanvittig!:-)
Jeg skal bygge Veslefrikk, litt mindre enn ditt, men tror det blir greit med plass. Høres herlig ut med vaskerom, det er det ikke i min hustype. Men boden har våtromsbelegg og sluk slik jeg har skjønt, så jeg tenker å få ordnet vanntilførsel, slik at jeg kan ha vaskemaskin og tørketrommel der.

Hvilke kjøkkenfronter har du valgt? Jeg skal bytte til de hvite mdf-frontene, synes de ser ganske fine ut. Var det flere benkplater å velge i, eller kun den ene? Høres jo greit nok ut med grått da.

Veldig godt å høre at du er så fornøyd så langt i allefall. Har kun hørt bra ting av de jeg vet av som har bygd Älvsbyhus. Grin
   #7
 2     trondheim     0
hvordan går det med snøhvit som ble satt opp i 2010? har selv satt et øye på det huset, men har lest en del negative ting om alvsbyhus på dette forumet. har du hatt noe problem med hus eller forhandler siden du flyttet inn?

   #8
 19     Sørlandet     0

hvordan går det med snøhvit som ble satt opp i 2010? har selv satt et øye på det huset, men har lest en del negative ting om alvsbyhus på dette forumet. har du hatt noe problem med hus eller forhandler siden du flyttet inn?



Signerer denne Smile