677    2    0  

Er flytande kjellargolv ein grei ide?

 16     0
Hei,

Vi har hus frå 1969 der mesteparten har krypkjellar (med tilkomst) under halve kjellaren, i lengderetning. Det er vel meir enn ein meter under golvet ned til bakke i framkant av huset. I bakkant av huset er kjellar under bakkenivå; skrå tomt. På eine enden av huset (inn mot nabo, dette er kjeda hus), er det ein slags grovkjellar med særdeles grov støyp, store ugjanmheiter (fleire cm) og ca 15 cm høgdeforskjel frå bakkant til forkant. Kva som er under dette grove golvet veit eg ikkje. Anten fylling av eit slag, eller ein lukka krøpkjellar. Dette rommet treng eg å få sett i stand til ekstra soverom. Rommet er ca 15 kvadratmeter. Rommet er tørt, ser ikkje noko antydning til fukt der.

Etter å ha lese mykje, har eg no komme fram til: Rette med grus, 5 cm styrofoam, plast, armering, 6 - 8 cm støy, (pusse godt, evt. avretting), depron, varmefolie, laminat. Då skulle eg klare ca 210-215 cm tak-høgde.

For å sleppe å støype, kan det vere eit alternativ å gjere slik: Rette med grus, plast, legge ned lekter med isolasjon mellom, spon, varmefolie og laminat. Det vil jo bli ein litt enklare prosess, men kanskje vansklegare å få rett. Vil det vere ein "værre" konstruksjon mtp. fukt?

Eg har desverre ikkje målt radon, men om det er eit problem så er det eit problem for heile huset. Så eg ser ikkje poenget med å legge radonsperre berre i det rommet. Ein får heller sette inn avtrekk i krypkjellaren.

Har folket tips?

   #1
 65     0
Hei vesttrønder

Litt sent svar håper det ikke er for sent.
Det du skriver
For å sleppe å støype, kan det vere eit alternativ å gjere slik: Rette med grus, plast, legge ned lekter med isolasjon mellom, spon, varmefolie og laminat. Det vil jo bli ein litt enklare prosess, men kanskje vansklegare å få rett. Vil det vere ein "værre" konstruksjon mtp. fukt?

Denne er ikke bra da dugg/kondenspunktet vil ligge på plastfolien og dermed vil lektene bli liggende i vann og så råtne.

Det du kan gjøre er at du retter av så tynt som mulig, legger på en ISODREN plate så legger du en damp/radonsperre på platen og et Grønn sponplate, varmefolie og laminat.
Se vedlegget for oppbygning av lette gulv

http://isodren.no/pdf/gulv-plate/Montering-plate-12.pdf
Signatur