379    2    0  

Starte McCullouch plenklippar utan batteri

 974     0
hei forum,

ein slektning har ein McCulloch plenklippar, type M53-190ER, med B&S motor, frå 2013.
Han har startmotor og batteri - og snordrag.

Når batteriet er flatt, får han ikkje start - ikkje med snordrag heller.
Seljaren påstår at - javisst, motoren må ha batteri (med ladning) for å starte.

Dette er på ein annan kant av landet, så eg får ikkje undersøkt sjølv.
Men eg har ein annan type McCulloch med B&S motor. Han er ikkje alltid enkel å starte,
spesielt ikkje etter vinteren. Men eg får alltids start med snordraget - også med flatt
batteri.  (Og... eg er nok litt sprekare enn slektningen.)

Det høyrest rart ut at han skal måtte ha batteri for å starte på snordrag
- men er det nokon som veit?

   #1
 342     Hordaland     0
m53 skal starte med snoren uten batteri. Kanskje brytepinnen har røket. Da får du ikke startet.
  (trådstarter)
   #2
 974     0
trudde eg hadde svara her... men eg må ha lagra feil.
Eg var tilbøyeleg til å tru meir på Maksmekker (og meg sjølv) enn seljaren....


I mellomtida har eg vore på "besøk" til klipparen.
Litt "godsnakk" (tennpluggrensing og ein skvett kondensfjernar i bensinen - uvisst kva som var avgjerande) og eit par drag i snora, så starta motoren.
Det var nok ein kombinasjon av sot på tennpluggen og ein eigar som ikkje lenger er like sprek som før - og ein seljar som feilinformerte.

Så... ja - McCulloch med B&S motor kan startast med flatt startbatteri.