(trådstarter)
   #331
 869     0
Jauda, er dørstokker, men dei er veldig flate. Eg trur det er standard, og sikkert de samme du skal ha.

Åja, ein måtte sikkert seie frå om det før bygginga starta. Eg også har det på vesledoen.

Har de kome langt da?
Signatur

   #332
 45     0
Ja kan godt hende vi har samme dør stokka, har ikkje tenkt so longt fram!;) hehe:)

Ja dei spurte om de akkurat, og vi hadde jo ikkje planlagt vegghengande wc før etter vi hadde støpt plata og alt! so da var alt plassert etter orginale tegninga;)

Det går framover! Utvendig ferdig, berre småting igjen om det er nåke! Dei må bytte ut eine terassedøra da dei hadde bestillt feil retning. Innvendig er dei sikkert ferdig og plate veggar og tak til onsdag neste veke, og vi starter å sparkle veggane i mårga;) so etter dei er ferdige med taket startar tapeteseringa og golvlegginga!!;) Glede! Kjøkkene blir montert om 4 veker etter det vi fekk vite, og bad-skap har vi ikkje valgt enda! kanskje på tide no;) Men dei skal ikkje sette opp platene på våtromma før dei nesten har komt til listinga.. syns dette var litt rart, fordi vi vil jo gjer oss ferdig med alt når vi først starta! Må prate med dei om dette.

Når blir innflytting hos deg?:)
  (trådstarter)
   #333
 869     0
Eg reknar med at huset er ferdig på ca 1-2 veker, så må det godkjennast.. Lurar på kor lang tid det tek.
Signatur
  (trådstarter)
   #335
 869     0
I går fekk vi vatn!

Mariana: Eg byggjer hus og garasje - vann.JPG - Mariana
Signatur
  (trådstarter)
   #336
 869     0
Denne veka skal det skje ein del. Eg håpar vi får ferdig listinga og inngangspartiet. Elektrikarane har lova at dei skal bli ferdige også.
I går og i dag har vi jobba med å reise garasjen, eg, sonen min og faren hans. Vi kom nokså langt. Grunnmurrn har far min og sonen min laga.
Mariana: Eg byggjer hus og garasje - IMG_20131020_102056.jpg - Mariana
Signatur
  (trådstarter)
   #337
 869     0
Æsj, i dag kom snøen..

Eg er redd vi ikkje skal bli ferdige i tide.. Ting står litt stille, eller går seint.. Ventar på å bli ferdige med listing, har eit håp om at det blir ferdig i helga. Montørane skal ta hol på taket for å sette opp pipa, eg håpar det skjer denne veka også.

Elles kjem vi ikkje lenger med garasjen før vi får noko meir hjelp. Før garasjen er nærare ferdigstilling får vi heller ikkje planert ferdig tomta (alt materialet ligg på bakken)  Eg er også avhengig av at Relacom snart innfinn seg så dei får trekt kabelen inn til huset..

Eg driv også å førebur flyttinga, men det er forferdeleg mykje arbeid.. Eg manglar også nokre Integral hengsler frå Ikea, før eg kan bli ferdig med kjøkkenet.. Ting tek sanneleg tid..

Signatur

  (trådstarter)
   #339
 869     0
Takk for det:) Ja, målet er nære, men samtidig går alt veldig seint nå. Skulle ynskje eg hadde eit par snekkarar i bakhans som kunne legge taket på garasjen, for eg ser ikkje for meg korleis vi skal klare det utan ekstra hjelp..
Signatur
  (trådstarter)
   #340
 869     0
Da får ting litt framover. Elentrikarane er ferdige og huset blir trykktesta for siste gong tysdag. Listinga blir ferdig i løpet av neste veke også. Asfaltplatene på garasjen er oppe og eg håpar vi får platene på taket på søndag. Valgte obs (osb?) plater i staden for sutak. Inngangspartiet er nesten ferdig også. Satsar på å starte flyttinga etter neste helg:-) Relacom kkem med kabel fredag om ei veke og eg håpar graverane planerer tomta fort etter det.

Frå og med i dag har eg ikkje internett fordi eg må flytte det ned i huset, så det blir nok litt magert med innlegg neste veka.
Signatur