(trådstarter)
   #12
 5     Bergen     0
Endeleg kjem vi med ei oppdatering! Prosessen med å få byggjeløyve tok lenger tid enn både vi og husleverandøren hadde forventa. Men då løyvet endeleg var på plass i november, gjekk det heldigvis unna. Byggjegropa var klar i løpet av ei veke, og murarane fekk sett opp ringmuren og støypt den veka etter. Så var det ein del venting pga snø, men bunnledningane og minirenseanlegget kom på plass, og ringmuren fylt med singel. Igjen ein periode med venting pga snøvêr for å få lagt ned isolasjon og radonduk, og så få støypt golvet. Men grunnarbeidet og fundamentet var ferdig i slutten av november.
Hellvik Hus Herskapelig i Ørsta - 20160213-204827-0388.jpg - storebo
Hellvik Hus Herskapelig i Ørsta - 20160213-204838-0389.jpg - storebo
Hellvik Hus Herskapelig i Ørsta - 20160213-204843-0390.jpg - storebo
Hellvik Hus Herskapelig i Ørsta - 20160213-204854-0392.jpg - storebo
  (trådstarter)
   #13
 5     Bergen     0
Materiala til huset vart levert 29. januar, same dag som orkanen Tor slo inn over landet. Vi fekk surra alt godt, og heldigvis vart ikkje noko teke i vinden.

Snikkarane byrja 1. februar. Fyrste veka fekk dei ikkje gjort så mykje fordi snøen lava ned i ekstreme mengder. Men den siste veka har det skutt fart, og dei har no byrja på bjelkelaget i etasjeskillet. Veldig kjekt å endeleg sjå huset ta form Grin
Hellvik Hus Herskapelig i Ørsta - 20160130-090658-15.jpg - storebo
Hellvik Hus Herskapelig i Ørsta - 20160208-170914-0380.jpg - storebo
Hellvik Hus Herskapelig i Ørsta - 20160212-163612-7006.jpg - storebo
Hellvik Hus Herskapelig i Ørsta - 20160212-163853-7012.jpg - storebo
   #15
 1     0
Ser veldig bra ut ! Vi skal bygge det samme huset nå. Vi har også gjort noen endringer, både i romprogram og garasje. Lykke til. Supert hvis du fortsetter å legge ut bilder etterhvert som prosessen går fremover