673    22    0  

Klage på flislegging?

 7     0
Hei, håper noen kloke hoder kan hjelpe meg..

Vi totalrenoverte badet vårt i desember 2015, eit firma tok seg av all jobben. Dei siste månedane har fleire fliser på golvet løsna. Dei er inne ved veggen, ved badekaret, ikkje der vi står og går mest. Fugene har sprukke opp, og flisene vipper. Når barna roter mykje vatn, eller om det renn vatn utover golvet (av og til tek ikkje sluken unna badevatnet, så vi må passe på når vi tapper ut), så legg det seg vatn under flisene, som ligg i fleire dager. Om vi trakker på dei, så skvett det vatn ut frå undersida. 

Er dette noko vi kan klage på, no når det er gått meir enn 5 år? Eg er skikkeleg lei meg, for vi brukte rundt 250 000 kr på badet, og eg trudde seriøst at det skulle vare i 20 år, ikkje 7.. Vi har ikkje råd til å pusse opp badet kvart 7.år..!😭

Ein annan ting, som kanskje nokon kan hjelpe med, er at under det vegghengte toalettet, så er der eit hol. Firmaet seier det er til at vatn skal kome ut derifrå ved lekkasje. Vi har opplevd to gongar at pga nevnte badevatn utover golvet, så har det fossa vatn ned frå taket i kjellergangen. Vår teori er at vatnet renn inn i det holet og gjennom taket. Firmaet meiner at holet er korrekt. Vi fekk beskjed om at vi kunne spyle badet om vi ville, då det var ferdig...men då spyler vi kjellergangen samtidig. Er dette noko å klage på?

På førehand tusen takk for svar 😊
Klage på flislegging? - 20230424_223847.jpg - silverdoe

HSt
   #1
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Litt for sent ute til reklamasjon synes dette ellers ser farlig ut, er redd dette er skade i gulv og dermed total rehabilitering

Er det 10års garanti så kanskje

Dere burde ha gjort noe når dere fikk vann i kjellertaket
HSt
   #3
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Ja i den betydning at det vil koste TS 200k å bygge et nytt bad

Det hender jo at en fuge løsner men det ser for brutalt ut her så jeg tror underlaget er skadet
   #4
 858     Bærum     0
Det ser ut som store bevegelser i underlaget. Antar at dette badet er bygget på trebjelkelag? Jeg vil tro at problemene ligger i bæringen til badet, og dermed er det lite annet å gjøre enn å rive badet.

Med så store sprekker i gulvet er det også nærliggende å tenke at membranen er skadet eller vil bli skadet snart.

Har du sjekket forsikringen? Noen selskaper dekker inntil 10 år ved håndverkerfeil, dersom du har papirene i orden.
Signatur
   #5
 5,743     OSLO     0

er eller blir skadet olechrd ? han sier jo at vannet allerede renner ned til etasjen under....

sitat TS;
Ein annan ting, som kanskje nokon kan hjelpe med, er at under det vegghengte toalettet, så er der eit hol. Firmaet seier det er til at vatn skal kome ut derifrå ved lekkasje. Vi har opplevd to gongar at pga nevnte badevatn utover golvet, så har det fossa vatn ned frå taket i kjellergangen. Vår teori er at vatnet renn inn i det holet og gjennom taket. Firmaet meiner at holet er korrekt. Vi fekk beskjed om at vi kunne spyle badet om vi ville, då det var ferdig...men då spyler vi kjellergangen samtidig. Er dette noko å klage på?
  (trådstarter)
   #6
 7     0
Takk for svar, alle saman.

Eg er usikker på underlaget på badet. Det er i 2.etasje, så der er jo tregolv, før var det sånn glittergolv. Usikker på om dei tok vekk det gamle golvet då dei laga nytt.

Vi sa ifrå til firmaet då vatnet rann ned i kjelleren, men dei meinte på at det ikkje er holet sin feil, og sa aldri noko meir om saken. Eg er usikker på kva som då kan vere grunnen.. Legg ved bilete av holet. Eg trudde membraner var for å halde vatn unna golv og vegger, sjølv om fliser sprekk opp...? Men membranen under kan altså også vere skada?

Forsikring anar eg lite om, det må eg spørje mannen min om (eg er dame), han har oversikta der. Men det er altså slik at sjølv om eit bad er meint å vare 20-30 år, så har ein inga sak når det er øydelagt etter berre 7 og har brukt profesjonelt firma? 😭
Klage på flislegging? - 20230424_223856.jpg - silverdoe
   #7
 5,743     OSLO     0
det hullet under toalettet er helt normalt og ha der, det er der for og oppdage evt lekkasje fra toalett-sisterna.

normalt så skal membran være hel, også opp bak WC. sannsynligvis er ikke mansjett rundt avløpsrør til wc blitt gjort korrekt, siden du opplever lekkasje til rom under ved mye vann på gulvet.

vet du om det ble brukt smøremembran eller bane-membran?

du har papirer/kvittering på alt arbeidet ?

HSt
   #8
 36,582     Lillestrøm kommune     0
På meg virker det som membranen ikke er på plass under WC cisternen og vann har kommet inn og skadet gulvet slik at flisene har løsnet

Når var det dere meldte i fra om denne feilen første gang? Mulig dette kan brukes som en reklamasjonsdato.

Hva slags firma var dette som gjorde jobben sist ? (Rørlegger bedrift eller en tilfeldig flislegger ?)
  (trådstarter)
   #9
 7     0
Juni 22 meldte vi frå første gong, då hadde det skjedd ein gong før utan at vi sa noko. Hadde vi hatt vatn utover golvet tidlegare, så hadde det nok skjedd då, men det tok nokre år før første gongen det skjedde. Og så tenkte vi det var eit engangstilfelle, men det er det jo ikkje..🤦‍♀️

Usikker på kva membran vi har, er der ein måte å finne ut av det på? I slukar eller noko sånt?

Dokumentasjon skal vi ha, ein eller annan plass i papirsamlinga vår..

Kan nokon svare på kva dette holet eg legg ved bilete av er? I forhold til holet under doet? Har dei ulik funksjon? Det er eigentleg eit kvitt plastdeksel på, det tok eg av for anledningen.

Det har vore litt smårusk med badet oppigjennom åra. Det tok berre nokre dager før første lekkasje, då måtte dei kome og bytte røret fra doet og inn i kassa, for rørdelane passa ikkje heilt ihop, fann dei ut. Baderomsinnredninga knakk av etter eit par år, det var feilmontert. Først meinte dei på at det ikkje var det, men etter bilder og samanlikning med instruksjonsvideo, så fekk eg dei til å kome og montere den opp på nytt. Dei hadde ikkje brukt korrekte fester til flisvegg. Spottane i taket har vi hatt problem med, dei blinka og skrudde seg ikkje på, berre stod og klikka. Elektriker bytta brytaren, etter det har det vore ok. Under montering av baderomsinnredning skrudde dei 4 10 cm lange skruer inn veggen og gjennom soveromsveggen vår. Heldigvis var ikkje soverommet pussa opp, så det var greit nok, vi berre filte dei av.

Men no er altså golvflisene løsna..det er vel ca 3×3 fliser, 30×30 cm, det er snakk om. Og akkurat det er innmari trist, syns eg. For vi har faktisk ikkje råd til 250000 i nytt bad 😭
Klage på flislegging? - 20230425_174751.jpg - silverdoe
  (trådstarter)
   #10
 7     0
På meg virker det som membranen ikke er på plass under WC cisternen og vann har kommet inn og skadet gulvet slik at flisene har løsnet

Når var det dere meldte i fra om denne feilen første gang? Mulig dette kan brukes som en reklamasjonsdato.

Hva slags firma var dette som gjorde jobben sist ? (Rørlegger bedrift eller en tilfeldig flislegger ?)

Det var eit malermesterfirma her i området (Ålesund), som driv med flislegging, og som tok heile jobben med å organisere rørlegger, elektriker, flislegging etc.