(trådstarter)
   #21
 1,387     Tromsø     0
Ein lang dag, og så var eg ferdig.
Døra som eg limte i forrige innlegg, blei mykje betre, men eg kunne hatt endå meir krumming motsett vei under liminga. Nå er det 2-3 mm krumming, og det er på alle skyvedørene, bilde 1-3.

Eg la ei ramme av 36x68 som blei justert til 30x68 for å heve topplata. Nokre kubbar på tvers støttar plata så det ikkje blir svai i henne, bilde 4.
Eg limte og stifta to skinner nede og oppe, den bakre døra går mot korgstativa, så eg laga ikkje noka skinne bak den. Dei små ottomanhjula frå Clas Ohlson omtalt lenger oppe blei monterte under skyvedørene.
Bortsett frå krumminga er eg fornøgd med dørene. Blir vi ikkje fornøgde, får eg lage nye. Då skal eg vere ekstra obs på om fineren eller rammene er krumma, og lime/ presse med motsett krumming. Det er første gong eg har dette problemet med slike dører.

Dørene i høgskapet blei monterte med vanlege småhengsler. Dykksaga var veldig fin til å skjere rette kantar og justere dei inn i opninga. Det var likevel vanskeleg å få passeleg mellomrom mellom dørene, så eg la ei slaglist på den høgaste døra, så blir mellomrommet skjult og ho held den andre døra på plass.
Den store døra blei vindskeiv  >Sad og eg set kanskje på ein snepplås nederst der ho gliper.

Så er min del av jobben gjort. Eg er fornøgd med funksjonen (svigerdottera er design- og idesjef), men i alle fall i dag er eg litt misfornøgd med at dørene ikkje er heilt plane. Enkelte slike problem overser eg ettter kvart, andre forblir eit gnagsår. I så fall er det ikkje nokon stor jobb å lage ei ny slik dør.
ariens: garderobeløsning soverom - ANB_7651.JPG - ariens
ariens: garderobeløsning soverom - ANB_7656.JPG - ariens
ariens: garderobeløsning soverom - ANB_7667.JPG - ariens
ariens: garderobeløsning soverom - ANB_7658.JPG - ariens
ariens: garderobeløsning soverom - ANB_7662.JPG - ariens
ariens: garderobeløsning soverom - ANB_7668.JPG - ariens
ariens: garderobeløsning soverom - ANB_7665.JPG - ariens
ariens: garderobeløsning soverom - ANB_7663.JPG - ariens

  (trådstarter)
   #22
 1,387     Tromsø     0
Etter 1 år har dørene same krumming og skeivheit som då dei var nye. Lærdommen er at eg aldri vil bruke kryssfiner som har krumma seg når eg skal lage slike dører. Den eg brukte, var krumma i butikken og det blei meir plagsomt enn eg hadde trudd.

Nyleg laga eg 4 skapdører med ekte fylling og utvendig fals til eit anna skap. Altså ramme som var limt og med fals for fylling, i dette tilfelle av sponplate. Ramma blei samanføya ved at eg tok vekk halve tjukna på kvart hjørne og limte. Den venstre døra blir halden inne med magnetlås og den andre døra har slaglist på innsida slik at venstre døra held begge på plass. Litt meir arbeid med desse dørene, men eg blei godt fornøgd med dei. Så hadde eg gamle vinkla hengsler som eg kunne gjenbruke her.

ariens: garderobeløsning soverom -  - ariens
  (trådstarter)
   #24
 1,387     Tromsø     0
Tja, eg har laga fleire slike dører tidlegare, med godt resultat. Men då var fineren plan frå butikken. Problemet er når fineren har slått seg før liming. Sjølv om liminga blir avstiva med solide plankar, vil limet bite så fort at krumminga i fineren ikkje blir utjamna, og fineren si krumming blir berre endå meir fiksert. Når presset blir tatt bort er krumminga som før, og mykje stivare enn før. Ramtreet i seg sjølv er stivt nok i lag med fineren. Problemet er at krumminga i fineren faktisk blir konservert gjennom liminga.
Så lenge fineren er plan kan det gå bra.