(trådstarter)
   #11
 60     Stathelle     0
Elektriker kom i går med rør og boksar, så no er det berre å gå i gang. Har trukket kabel til bakhøgtalarane, og alt er klart til montering av rør til andre kablar.
Tok nokre bilda mens eg venta på elektrikeren i går.

Dette er frontveggen. Her blir det garantert meir rør og ca 12 boksar om ikkje lenge...


Yttervegg er slemma, men eg droppa det på innerveggen. Der har eg også tetta hol og mellomrom mellom lecablokkene



Oppe på veggen kjem det inn to cat5a-kablar som leggjast i rør til frontveggen. To, fordi ein kabel bærer tv-signalet, og den andre er til internett. (Ja eg har også trådlaust nett i boligen, men det er framleis mykje betre bandbreidde på kabel, og når eg først har muligheten til å leggja det opp frå scratch, så gjer eg det.



Har også så smått byrja å henge opp lydbøylene.



Dør skal sjølvsagt bytast, og her ser ein pipa som skal pussast. Eg har prøvd (litt halvhjerta) å få tak i nokon til å gjera det, men ingen respons! Heller ikkje på Mittanbud.no og Finn oppdrag! Er murarane så bortskjemte no på våren?



(Legg merke til den fine rosa radioen!)