927    1    0  

Regulere turtal på sentral avtrekksvifte med z-wave

 3     0
Eg skal installere ein del z-wave-modular i huset framover. Noko av det eg ser mest fram til, er å få fuktstyring på den sentrale avtrekksvifta (oppe på taket), slik at den automatisk vert justert opp ved fukt på bad eller vaskerom (brytaren er nemleg plassert ved badet, 2 etasjar over vaskerommet), og ikkje minst ned igjen når det ikkje lenger er behov for så mykje avtrekk.

Vifta er ei Østberg TKS 300 (veit ikkje om det er A, B eller C-modellen) og trekk maks. 44-62W, alt etter modell. Det står no ein trinnlaus turtalsregulator og styrer vifta. Eg tenke først eg kunne bytte denne ut med t.d. Fibrao dimmer 2, som står at tåler opp til 220W i induktiv last. Ved nærmare ettersyn ser eg at Fibaro sin dimmar kun er berekna på lyskjelder som har resistiv-induktiv last, slik eg tolkar bruksanvisninga.

Kva kan eg gjere her? Eg finn ingen z-wave turtalsregulatorar. Finns det t.d. ein turtallsregulator som eg kan styre via 0-10V input (tenker på Fibaro sin RGBW-modul)?

Håpar nokon har eit godt råd!

Edit: La inn nokre lenker.
Siste redigering: Monday, October 5, 2015 5:17:25 PM av vslatten

   #1
 1,596     0
Her tror jeg nok en frekvensomformer hadde gjort susen - den gir 3-fas ut direkte til motor, og kan ofte styres med 0-10V. En gammel Omron kan du nok få til en god pris på bl.a. eBay.