924    3    0  

Drager/mønsås i heltre

 5     0
Har ein utebod som skal pussast opp. Lengde 3,9m, bredde 3,0m. Blir fritt spenn på 3,7m, 30gr helling og takstein.

Ser at 2stk 2x8 truleg blir godt nok, men lurte på å bruke gran frå egen skog. Men må mønsås i rundstokk dimensjonerast etter andre tabellar enn stempla virke?

Tenkte evt å skjære til rundstokken så den har breidde på ca 15cm, og høgde på ca 25cm.

   #1
 194     0
Dette er veldig avhengig av stokken. Det som er viktigast for styrke i trevirke er virkesfeil (eksempelvis kvist og tennar), men også densitet vil spele inn. Mykje eller stor kvist kan øydeleggje alt av styrke i stokken. Om slikt ikkje er eit stort problem skal rundtømmer i utgangspunktet vere sterkare enn sagd tømmer då ein ikkje har kutta dei ytterste fibrane (gjeld ikkje for stokkar som er dreie/høvla runde).

Så rundtømmer kan vere veldig bra, men er avhengig av mange faktorar.
  (trådstarter)
   #2
 5     0
Reknar med du meinar at stokken berre er barka av då? Ikkje tilpassa noko med bandkniv? Hadde som sagt tenkt å rette av sidene for betre anlegg til takstolane, men kanskje berre behalde den rund.
   #3
 194     0
Ja, meinte at den berre måtte vere barka då.

Likar prosjektet ditt, men du må passe på å finne eit egna tre utan for mykje eller for stor kvist.