1,210
13
0
Feil rekkefølge?
2,987
Vestlandet
0
Skal stort sett totalrenovera eit hus frå 1970.
Ein bør dæ gjera utvendig arbeid først, som: Skifta kledning og etterisolering, vindsperra, skifte av vindu/dører, drenering, isolering av grunnmur, osv...
Så går ein i gang med det innvendige: Endra planløysing, lekta inn/ut etterisolera, dmpsperra, røyr, elektrisk, kjøkken, bad, osv...
Men med lita tid vil ein helst ha huset innflyttingsklart så fort som mogleg.
Kor problematisk er det å starta med det innvendige først og feks ta det utvendige etter feks eit år?
Huset har sokkeletg. i betong delvis under bakken på ei langside og heilt over på motsatt langside.
Førsteetg. i 10cm reisverk og 10cm isolasjon. Dampsperre mellom etasjane og opp til kaldloft. Eg reknar og med det er dampsperre i yttervegg.

Signatur
Ja det er heilt rett. Må plannlegges, selvfølgelig ein fordel og ta utv først, men med god plannlegging skal det vel la seg gjøres dersom det er så hastig..
Ideelt sett kunne eg tenkt meg å ta fatt og ferdigstilt alt utvendig, før eg i det heile starta med noko innvendig. Men...
Dersom me går laus innvendig først vert det: riving av stort sett alt innvendig for ny planløysing, fuktsperra 50mm innlekting med isolasjon, elektrisk, røyr, himling, veg, golv, nytt kjøkken og bad. Då er det klart til å bu der. Soverom, kjellar, bad 2 osv osv kan takast etterkvart.
Planen er å starta neste sommer, då me ikkje bur på plassen endå. Me vil gjerne koma oss i hus så fort som mogleg, men med to barn ønskjer me ikkje å bu utan kjøkken/bad osv.
Vurder å dropp innlekting og heller lekt ut utvendig i staden, med mindre du absolutt vil legge det elektriske på nytt igjen. Droppe innlektinga seier eg i hovedsak på grunn av at ein med det går glipp av litt boareal.
Begynner du inne, så bør du for all del vente med listing rundt vinduer, og kanskje sette inn nokre midlertidige vindusforinger. Dette bør du tenke på uansett om du startar utvendig først òg, sidan lekter du inn vil du også trenge nye foringar og lister seinare.
Me skal lekta ut og etterisolera utvendig. Det ser ut som me landar på 10cm utvendig, i tillegg til dei originale 10cm. Så med 20cm isolasjon totalt før innlekting, er kanskje ikkje innlektinga så prekær mtp isolasjon? Merkast skilnaden på 20cm og 25cm godt?
Går det greit å lekta inn kun somme veggar?
Går det greit med skjult elektrisk utan innlekting?
Korleis løyser ein det evt med dampsperra og skjult elektrisk?