939    2    0  

Hjelp til løysing med sperretak på gråsteinsmur

 2     0
Hei. Har tenkt å ordne opp torvhuset på tunet til sumaren. Skal skjere til material sjølv, men slit litt med korleis eg skal løyse takkonstruksjonen som skal vere i tradisjonell sperretak. Torvhuset har gråsteinsmur som er murd opp ca. 110cm frå bakkeplan. Bygget er målsett til 530cm breidd og 630cm lengd. Det er ei opning i front på 110cm til ei dør. Grunnsvillen eller botnramma skal liggje oppå gråsteinsmuren utan noko som helst bolting fast til gråsteinsmuren då dette har inga verknad på å låse ramma sidevegs. Dette pga steinane under ramma ikkje er støypt fast, og er således "lause", og det er ikkje aktuelt å støype desse fast heller, då eg vil bevare det tradisjonelle ved dette bygget som truleg er 200 år gamalt.
Problemet oppstår då trykket frå taket vil sprengje ut botnramma som sperrene ligg på, då botnramma ligg "laust". For å motverke dette, ser eg berre to løysingar(?). Den eine er å ha ein kjempekraftig trestamme i mønet, med same verknad som ein limtredragar. Men det eine problemet som oppstår då, er at spennet på 630cm er så langt at eg fryktar stamma vil bøye seg ned på midten grunna et tungt tak med torv på. Men, denne løysinga kan fungere om stamma er tjukk nok, og evt kor tjukk bør den vere? Målet er å få utnytta rommet mest mogleg.
Det andre alternativet er å ha ein hanebjelke på høgda 220cm over bakken, men eg tvilar kanskje litt på at hanebjelken kan sitte for høgt i mønet til at den kan bli sterk nok til å motverke utsprengjinga av ramma nede.
Slit kanskje litt med å forklare meg ordentlig, men skal leggje med teikningar så de kanskje forstår meg betre.
Til samanlikning på biletet, så de får betre perspektiv, så er døropninga på biletet rundt 200cm høg.
Hjelp til løysing med sperretak på gråsteinsmur - image.jpg - Vassbygding
Hjelp til løysing med sperretak på gråsteinsmur - image.jpg - Vassbygding
Hjelp til løysing med sperretak på gråsteinsmur - image.jpg - Vassbygding
Hjelp til løysing med sperretak på gråsteinsmur - image.jpg - Vassbygding

   #1
 25,370     Akershus     0
Tileggsproblem er bæring over døra. Hva med to åser, en på hver side av døra?

Vil gjette at det var en stolpe midt i huset. Hvordan er det mmed snø?
Signatur
  (trådstarter)
   #2
 2     0
Bæring over døra vil ha eit enormt press på seg, ja, men trur eg kunne klart å dimensjonert inn ei dugandes bæring til å tole trykket.(?) Snølast er ikkje stor, då eg kjem frå vestlandet(Nordhordland), og bur i lavlandet, så det er ikkje store lasta frå snø. Lur løysing med 2 ekstra åsar, ja. Einaste er at eg ikkje trur det var slik ein gjorde det her før, så vil ha løysinga så autentisk som mogleg. I Vest-Noreg var det ikkje tradisjonelt å byggje opp taket med åsar, så vil helst vike vekk frå den løysinga om det let deg gjere på annan måte. Men for all del ei bra løysing. Stolpe midt i huset kan det ha vore, ja, men trur ikkje det, og, og vil helst ikkje ha det heller.
Alle innspel blir teken godt i mot.