155
7
0
Fordele 230 V i parallell til mange brytarar
2
0
Eg er i ferd med å støype eit pumpehus til ein fiskedam i hagen.
Her planlegg eg å trekke ein 2,5 mm² kabel frå huset, gjere klart trekkerøyr i betongveggar/tak, og så få elektrikar til å montere ting skikkeleg når pumpehuset er ferdigstøypt.
Målet mitt er å sette opp eit panel øverst i døra, der eg har brytarar til alt av pumpe, UV-filter, varme, lys, luft, etc.
Det er snakk om 11 parallelle forgreiningar (med ein brytar på kvar) som skal ut frå hovudledninga.
Daisy chaining frå brytar til brytar er ein dårleg idé, og eg har ikkje klart å finne busbar/fordelingsskinne som lar meg gjere dette på ein god måte.
Så då spør eg her:
Er det nokon som veit om ein god måte å kople mange mindre leidningar ut frå ei hovudleidning slik eg prøver å illustrere under her?

Om du i stedet velger modulbrytere, beregnet på montasje på DIN-skinne, så vil vel en strømskinne alá sikringer fungere?
Eg ender nok uansett opp med ei DIN-løysing, kanskje brytarar rett på skinna ikkje er så dumt
Med separate ledere til hver bryter, kan en også bruke utgangsklemne som fordeler.
https://www.elfadistrelec.no/no/potensialfordeler-innganger-16-gra-svart-3270125-phoenix-contact-3270125/p/30085818
De som driver med tavlebygging og automasjon har mange fine greier som sikkert kan brukes...