2,271    20    11  

ariens: mininaust

 1,387     Tromsø     1
For at hyttebåten skal overvintre nede ved vatnet vil eg lage eit lite overbygg der han kan gå i hi om hausten. Tenkjer å bygge det så lite og usynleg som mulig. Begynte å samle ting og tang i dag.

nesten for varmt å jobbe

Kan køyre heilt fram

Fin strand

Kjekt å ha strøm. Saga lagar meir lyd enn aggregatet

Eit vakkert land vi bur i

Eg tenkjer å lage 4 slike trekantar. Prøvde meg fram med størrelsen, enda på ca 2,2 m kvar veg.
Dei skal bere ein bjelke på toppen, eg har tenkt å bruke ein gammal strømstolpe eg har hatt liggande. Så skal eg kle sidene med gammal villmarkspanel eg har liggande, og bølgeplater til slutt.
Trur dette skal vere stort nok. Bygget skal litt lenger inn i skogen
ariens: mininaust - 1-20160819_155616.jpg - ariens
ariens: mininaust - 2-DSC_3079.JPG - ariens
ariens: mininaust - 3-DSC_3085.JPG - ariens
ariens: mininaust - 4-DSC_3086.JPG - ariens
ariens: mininaust - 5-DSC_3090.JPG - ariens
ariens: mininaust - 6-DSC_3092.JPG - ariens
ariens: mininaust - 7-DSC_3093.JPG - ariens

  (trådstarter)
   #2
 1,387     Tromsø     1
Fantastisk å få vere ute i skogen i finver etter å ha vore oppbunden i kjellaren over ein månad.

Kopierte den første trekanten. Impregnert i botnen og kvitt i sperrene

Det tok ein del tid å måle ut avstander og få alt nokolunde på linje. Men eg må innrømme at det er sikta og vatra litt med gaffel. Eg synest ikkje det betyr så mykje her.

Når eg fekk festa dei første kledningsborda var det verste gjort. Det er ein brukt villmarkspanel som son min skifta på huset sitt. Den var ikkje barka, og var reir for biller og mark og barken blei full av fint støv. Eg saga vekk det verste og har tenkt å gjenbruke det her og der. Borda er minst 23 mm tjukke og veldig breie, så det blir skikkeleg kraftig. Eg spikrar 2 stik 95-spikar i kvar sperre, og det blei fjellstøtt nesten med det same. Det blir bortimot halvannan meter mellom sperrene, men eg satsar på at villmarkspanelen greier seg mot snølasta.
Spørsmål:
Eg hadde lyst å bruke spikeranlegget, men er usikker på om aggregatet på 2,6-3,0 kVA (ikkje kW) har godt av å drive ein kompressor på 3 hk. Eg vil helst ikkje skade eit kostbart aggregat unødig. Nokon som veit?
Så eg spikrar på gamlemåten og kompressoren står igjen heime.

Skulle helst beholdt denne fargen. Men eg skal legge bølgeplater over.

Eg har hatt liggande ein blytung strømstolpe som eg tenkte å ha over mønet. Men kom til at det er unødvendig, så brukar eg han heller som ballast på dørken.
ariens: mininaust - 1-DSC_3096.JPG - ariens
ariens: mininaust - 2-DSC_3099.JPG - ariens
ariens: mininaust - 3-DSC_3101.JPG - ariens
ariens: mininaust - 4-DSC_3106.JPG - ariens
ariens: mininaust - 5-DSC_3111.JPG - ariens
   #3
 6,009     Finnmark     0
Hvorfor skrur du ikke, enklere og bedre enn spiker..... 😁😁
Har også tenkt på å bygge noe lignende, men det er langt nede på prosjektlisten 😀

Signatur
   #4
 6,706     Akershus     0
Har du skrudd kledningen på garasjen, Mr. Finnmark? Smile Jeg bruker skruer til "alt" jeg gjør, men når det kommer til kledning og panel er jo spiker totalt kosher. Det går liksom ikke an å bruke annet - uansett om det er tømmermannskledning på huset eller vilmarkspanel på naustet Smile
  (trådstarter)
   #5
 1,387     Tromsø     0

Hvorfor skrur du ikke, enklere og bedre enn spiker..... 😁😁


Vel, eg tenkte på dette som bordkledning som var spikra i utgangspunktet. Og så leitar eg etter anledningar til å spikre etter at eg fekk spikeranlegg Smile
Men eg skrur ein del også, har mange lause skruar Wink
Når takplatene skal leggast, blir det å skru dei nye. Dei gamle eg har liggande, blir skrudd og spikra alt ettersom. Dei som har hol på bølgetoppen får seg nok ein bølgeblekkspiker.

Har også tenkt på å bygge noe lignende, men det er langt nede på prosjektlisten 😀

Det blir sikkert snart, eg har inntrykk av at du stadig får ting unna.


  (trådstarter)
   #6
 1,387     Tromsø     1
Då er sperrene kledd med villmarkspanel.

Borda var akkurat for korte, så eg skøytte det med ein laks på baksida for å utnytte dei best mulig.

Nesten som Framhuset Smile

Det ligg bra skjult i skogen

Nå har eg funne fram gamle takplater eg har hatt liggande og skal sjå kor langt dei rekk. Men eg må nok kjøpe nokre nye også.
ariens: mininaust - 5-DSC_3134.JPG - ariens
ariens: mininaust - 2-DSC_3131.JPG - ariens
ariens: mininaust - 1-DSC_3130.JPG - ariens
ariens: mininaust - 3-DSC_3132.JPG - ariens
   #7
 6,706     Akershus     0
Blir fint - og den arkitektoniske referansen til Fram-museet er jo ikke helt ute Smile liker spesielt godt at du skjøtet panelbordene med en laks Wink

  (trådstarter)
   #8
 1,387     Tromsø     0
Takk for det cheffen. Eg fann ut at eg skulle gjenbruke laksen også Grin
   #9
 6,706     Akershus     0
Om du vil kan jeg redigere det - vil du at det skal stå lask eller lekt? Eller fortsette med laks? Grin
  (trådstarter)
   #10
 1,387     Tromsø     1
For min del kan det gjerne stå, noko vil gå tapt viss det blir retta.