979
5
0
Nye hol i murvegg av lettbetongblokker
16
0
Hei,
Vi må renovere eit bad pga. vassinntrenging, truleg pga. defekt drenering (det er ei anna sak). Sidan badet likevel må rivast, har eg lyst å bygge om det badet litt. Dette også for å få utvida gangen så to fullverdige soverom, ikkje rom-i-rom slik det er i dag.
Veggen det er snakk om er endevegg (innervegg) i kjellaren. Den er laga i lettbetongblokker (slike med mykje "luft" inni), og det er er teke hol i veggen for dør mellom to soverom. Denne døra vil eg mure igjen. Så vil eg ta hol til to opningar, der mellomrom mellom desse vil vere ca 90 cm. Eit hol vil vere nisje (uten dør) for å utvide badet, og ein av opningane vil vere mellom utvida gang og soverom.
Sjå skisse.
Dør A og B er planlagt nye.
Dør C eksisterar idag, og vil bli stengt.
Vegg D er ein lettvegg/skillevegg
Veggen som A, B, C går i, samt ytterveggar, er i lettbetongblokker.
(Ignorer plassering av innredning på badet, det blir ikkje slik som teikna
)

At dette fører til behov for søknad til kommunen, det er greitt, og det får eg ta.
Spørsmålet er om det er fornuftig og kven som kan seie "go/no-go" for å ta hol i muren. Alle ytterveggar i kjellar er bygd i dette materialet (og alle er like skeive og lite like i lodd...). Kor mykje bæring er det egentleg i muren? Etasjen over er reist i tre. Eg vil jo anta at etasjen over ligg på ei tre-ramme som held denne oppe, og at det difor bør gå bra å ta hol i muren, men dette er eg sjølvsagt ikkje særleg gira på å sjanse på. Langs ytterveggen er det jo hol til glas og dører, og hos naboen er det vesentleg meir hol for glas enn det er mur.
Eg held til i Trondheim, er det nokon som har tips til handtverkarar som kan gjere slikt? Eg får evt. prøve meg på mitt anbud.

De to veggene som går midt i bygget langsgående er muligens vekslende bærevegger, men det skal uansett ikke være noe problem å lage åpninger til dører.
En murer eller snekker kan nok se hva som bærer, og om det skulle være noe problem å lage åpninger, eventuelt om det må støttet opp mens det støpes over åpningene for å opprettholde bæringen.
Blokkene som er brukt er ikke lettbetong, men hulblokker. Et vanlig fabrikat var Wibro.
Over ny dør kan det bli litt plunder med å få overliggende blokk til å bli liggende. Kanskje må du understøpe med litt armering (høsenetting?) eller riv murvegget helt til himling i kjeller. Det siste litt med spørsmål om hvordan overflaten på veggen skal være.
Hvor lang er lengden på det nye badet og hva er på utsiden, les: jordtrykk mot muren? Hvis det er sprengstein ute, så er det neppe noe problem. Er det jord, bør en vurdere å beholde betong over dørene A og B.
Dør C kan mures igjen med Leca.
Godt poeng at det kan bli vanskeleg å halde blokkene (beklager begrepsforvirring...) over opningane på plass. Det har gått bra i den døra som alt står der, sjå bilde lenger ned. Merk: Treverket på bildet gir ikkje heilt meining etter planen som er forklart over. Pga. lekasjen måtte planen endrast. Taket i dette rommet er ei støypt plate; det var garasje over tidlegare.
Skal lekte ut og kle med plater. Det er ingenting som er verken i lodd, rett eller i vinkel slik det er no...
På utsida av veggen er det ukjent fyllmasse. Pukk/jord/leire vil eg tippe. Må grave der for å få ordna drenering/isolasjon/tetting av mur. Lengda på på badet vil bli i overkant av fem meter. Har ca like langt strekk ein anna stad i huset.
Døråpningen ser ut som Wibro eller slektning.
Når veggene skal plateklees, så må du ikke mure igjen gammel dør, men mur vil gi bedre lydisolering mellom soverommene.
Eg vil gjere to ting:
1: Utvide badet, bruke delar av ekst. bad og delar av uinnreidd kjellar
2: Lage nytt soverom i del av uinnreidd kjellar
Jobb 2 vil eg gjere sjølv, jobb 1 vil eg sette bort.
At eg må søke om 2 fordi det går frå sekundær- til primær-areal er greitt nok. Må eg også søke for jobb 1 fordi eg endrar forma på badet? Og får ein i tillegg krav om tilgjengelegheit om eg gjere eit slikt inngrep?? På sida til Trondheim kommune står dette: https://www.trondheim.kommune.no/content/1117729171/Bruksendring-av-kjeller-eller-loft-til-egen-boenhet
"
Bad og toalett
Alle boenheter skal ha minst ett bad og toalett tilrettelagt for personer med funksjonsnedsettelse. Dette innebærer at størrelse og planløsning skal være slik at det er fri gulvplass til en snusirkel med diameter på minimum 1,5 m foran toalett, minimum 0,9 m fri gulvplass på den ene siden av toalettet og minimum 0,2 m på den andre siden. Det skal være fri passasjebredde på 0,9 m fram til fri plass ved siden av toalett. Det skal også være mulighet for trinnfri dusjsone, samt at vegg i dusj og toalettsone skal gi festemulighet for ettermontering av nødvendig utstyr."
Huset vi bur i vil vere umogleg å komme seg inn i med rullestol, og badet i kjellaren er ned ei trang vindeltrapp, men vil byråkratiet fange meg likevel?