#21
 88     Tørvå City     0
Vekkjer liv i ein gammal tråd :)

Eg har eit parti på KUB-muren min som er so lavt at dei som skal pusse resten av muren ikkje ville anbefale denne løysinga mtp at det er ei svært lang og lav stripe, der den potensielt kjem i kontakt med veggrus etter ferdigstillelse (pussen bør ikkje vere i kontakt med fuktig grus).

Eit alternativ er å forblende muren med restar av skifertaket (mosaikk). Nokon som har prøvd å lime dette rett på muren? Om ein skal pusse først er det ikkje aktuelt for min del, då vinninga går opp i spinninga.

Eit anna alternativ er å få kjøpt fibersementplater frå Sunde og lime desse rett på isoporen slik som dei gjer på ringmurselementa. Går det i sofall an å lime skiferen på desse om ein vil ha eit anna uttrykk på muren seinare?