841    0    0  

Utbedring av brygge - støype i flere omganger

 18     0
Eg skal sette i stand ei ei brygge med større erosjonsskader.
For å gjere dette vil eg forlenge fronten på piren (det er vel eigentleg ein pir) med 20 cm påstøyp. Frå toppen av brygga til havbunn er det ca 3 meter. Eg tenkjer å bruke ferdigarmert betong, og i tillegg bore inn forskalingsjarn i både havbunn og kai. Det eg ikkje har heilt kontroll på er kreftene som vil virke nederst i forskalinga ( 1m x 3m x 0.2), som står på høgkant.
Dirfor lurer eg på om det vil fungere å støype i fleire omgangar slik at eg får redusert kreftene og faren for å sprengen forskalinga...til døems 1 meter i slengen.
Vil ny betong då få feste på gamal betong eller må det vaskast og primast for kvar gong?