72
0
0
Avretting av tregolv
4
0
Eg er i ferd med å avslutte totalrenovering av eit eldre hus, og skal leggje laminat på to golv på loftet. Tidlegare i prosessen har eg gjort følgjande:
- frest ut spor i golvbord, lagt varmefordelingsplater og røyr
- lagt Silencio parkettunderlag oppå varmeopplegget
- forsøkt å rette opp & forsterke det gamle tregolvet ved å skru og lime nye 36x148 fast i dei gamle til golvbjelkane (Spennet var omlag 4 meter, med bjelkar som var omlag 3x6". Med andre ord altfor langt spenn etter dagens tabellar.)
I hovudetasjen, som er ferdig, vart det same gjort. Her fekk eg ingen problem med laminaten. Alt er nok ikkje 100% i vater, men trur ikkje det er veldig gale. La konsekvent laminaten på tvers av gamle golvbord og spor for varme. På grunn av knapp takhøgde, så hadde eg ikkje sjanse til å støype og bygge i tjukke lag for å rette opp.
Problemet mitt er på loftet, der eg har avdekka at golvet er skeivare enn eg trudde. Truleg målte eg feil dei gongane eg har kontrollert det før. Feilen er primært at eg ikkje målte heilt inntil ytterveggen i endane. Der er det høgare enn resten av golvet. Alle golvborda går med andre ord opp siste halvmeteren. (Dette kan og vere tilfelle i hovudetasjen, for der gjekk det raskare i svingane og eg rakk ikkje å "oppdage" problemet før golv var lagt.)
Spørsmålet mitt er kva som er beste måten å rette dette opp på? Kan ein bruke flytsparkel av noko slag oppå varmeplatene, eller er det betre å bruke t.d. ullpapp eller plater? Det å støype fleire centimeter over heile golvet er neppe aktuelt både på grunn av høgde og vekt. Vil tru ein kan få problem med at det sig ned i den andre retninga dersom det vert veldig tungt på 6" bjelkelag.

Siste redigering: Wednesday, April 15, 2020 3:58:41 PM av Sterna