2,724    0    0  

Innbygging av Nordpeis innsats med Skamotec-plater

 88     Tørvå City     0
Hei

Eg heldt på å bygg inn ein Nordpeis Q-34AL. Etter å ha kome eit stykke på veg ser eg at Skamotec-plata eg planla å bruke til innbygging (50 mm) kjem utanfor kanten på peisen. (Sjå vedlegg).

Ikkje akkurat den beste løysinga utsjåandemessig, eller styrkemessig mtp hakk og skader ved fyring ++.

Har tenkt ut eit par alternativ sjølv, men gode råd frå nokon som har erfaring er alltid verdifullt.
1. Legge på gipshjørne og sparkle kanten.
2. Få skjert ut ein vinkel i rustfrittstål som kan punktsveisast på omnen for å få kanten lenger ut (1 cm lenger ut enn plata).
3. Lime fast ein smal kant med same type skiferflis på enden av plata som vert synleg, i flukt med stålkanten. Kan kanskje vere vanskeleg å få god nok heft i skamotec-plata?
4. Bygge i 25 mm plater. Ser for meg at desse kanskje sprekk veldig lett om dei får ein trøkk, både under bygging og etter at den er ferdig?

Håper på gode råd!
Innbygging av Nordpeis innsats med Skamotec-plater - 2014-08-04 21.14.26.jpg - dataotto