4,524    6    0  

Leca Venti Etasjehøy Pipe vs Leca Venti Standard Pipe

 88     Tørvå City     0
Hei

Skal snart i gong med muring av pipe i einebustad, og i samband med det vurderer eg Leca Venti pipe.

Det fins to modellar, der den eine har etasjehøge modular om må kranast på plass. Denne er ferdig pussa, men ein må ta hol for lufting og røyk der det er aktuelt. Den meir klassiske er i mindre modular og må murast frå grunnen og pussast når den er ferdig, men har system for å sette inn opningane for røyk og lufting under bygging.

Er det nokon som har erfaring med desse og vil dele erfaringane rundt holtaking på etasjehøg-modellen, bygging frå grunnen med standard modellen eller anna relevant informasjon?

Eg veit ikkje kor stor prisforskjell det er på desse, men Leca estimerer 1 time kranbil for å få på plass dei største modulane. Då slepp ein som sagt pussing, noko som heller ikkje er gratis.

Leca Venti pipe:
http://www.weber-norge.no/lecar-pipe/produkter-loesninger/leca-pipe/leca-venti-pipe/lecar-venti-pipe.html

Leca Venti Etasjehøy pipe:
http://www.weber-norge.no/lecar-pipe/produkter-loesninger/leca-pipe/leca-venti-etasjehoey-pipe/lecar-venti-etasjehoey-pipe.html

   #1
 262     0
Erfaring med tilsvarende løsning fra schiedel. Hulltaking er greit, men anbefaler kjerneboring, det gjelder i grunn uansett elementpipe. Med forhåndsmonterte/prefab t-stykke låses du mer til gitte høyder. Har du utstyret i orden anbefaler jeg å ettermontere løse.
En enkel pipe er neppe lønnsomt, men denne løsningen er fin på prosjekt med flere enheter og når man ønsker å spare tid.
Weber skal legge ned sin fabrikk for etasjepipe i nær fremtid, så du kan fort ende med schiedel om ikke annet.
Beregn at du må gå over å pusse noen hjørner etter nedsenking.
Signatur
  (trådstarter)
   #2
 88     Tørvå City     0
Tusen takk for svar! Kjerneboring høyrest fornuftig ut. Det kan kanskje sjå ut som om førehandsmonterte t-stykker gjev ein betre overgong, men då er ein låst til ei gitt høgde, og mi erfaring er at dette kan vere greitt å sjå når flis/brannplate er montert og omnen er på plass.

Veit du om ei etasjepipe ligg mykje over ei elementpipe i pris (umontert)? Schiedel si såg heller ikkje dum ut, men den ser ut til å vere ubehandla utvendig?
   #3
 262     0
Kan leveres med puss og evnt ekstra forsterkede hjørner www.schiedel.no så finner du beregningsprogram med priser
Ellers stabler du en 7 meters pipe på en dag, alle skjøter i element og rør limes med pipelim på patron. Raskt enkelt og effektivt. Pipen har også lavere egenvekt enn konkurentene, så lettere å håndtere når du kommer i høyden.
Har også markedets tetteste keramik. Et kvalitetsprodukt Smile
Signatur
  (trådstarter)
   #4
 88     Tørvå City     0
Takk for svar! Skal sjekke opp korleis det kjem ut kontra normal elementpipe.

Utgangspunktet er at eg tenkjer at ei som vert heist på plass sparar ein for mykje arbeid, spesiellt om den er ferdig pussa. Men om prisen er mykje dyrare so får ein vurdere om det er verdt det opp i mot å mure sjølv.

Når det gjeld elementpipe, kor mange høgder kan ein normalt stable for dag utan at ein risikerer sig?
   #5
 262     0
Schiedel limes med masse på tube, her kan du in prinsippet nesten stable 5-7 meter på en dag. Limet brukes ikke til å rette elementene, de er rette nok fra før. Så sig er nesten ikke tema
Signatur
  (trådstarter)
   #6
 88     Tørvå City     0
Valget fall på Leca Venti Elementpipe grunna pris, mens mest grunna tilgjenglegheit frå leverandøren vår og tilkøyring.

Eg fekk beskjed med Leca at eg ved å bruke M5-mørtel kunne bygge so høgt eg ville i eit renn, men fann det mest praktisk å stoppe på ca 2,5-3 meter pr dag. Då får pipa sette seg litt, og ein slepp at arbeid lengre oppe forplantar seg lengre ned.

Tidsmessig brukte vi i 4 økter a ca 4-5 timar på to personar, men då var vi ganske nøyen. Det gjekk også litt ekstra tid og mannskap på førebuing som poretetting av element i etasjeskiller og utvendig, oppmåling og holtaking i etasjeskillar og løfting av elementa opp og ned i mellom etasjane.