(trådstarter)
   #21
 2,987     Vestlandet     0
Kor tjukke OSB plater bør eg nytta med CC60cm på bjelgelaget? 22mm hadde ikkje lokal byggsjappe p lager, men kunne tinga.

Dei kunne levera kryssfiner i stadenfor fr lager no. Kor tjukk kryssfiner treng eg i så fall?

Skal eg ha fals på 2, 4 eller ingen sider av platene?
Signatur

  (trådstarter)
   #22
 2,987     Vestlandet     0
Kva treng eg av bering over 3m garasjeport? Terasse over med same krav til snølast osv som tidlegare.

Er 3 stk 2" x 8" skrudd og limt nok? Må eg inn med limtre eller ståldragar? Kva dimensjon?
Signatur
  (trådstarter)
   #23
 2,987     Vestlandet     0
Eg må tilnga HEB200 stålet no snart. Ingen som veit om eg treng det over garasjeporten og?

Har forsøkt å spørra i denne tråden samt eigen tråd om spørsmålet. Nada respons. Er forumet dødt, eller er det kun mine tråder som er heilt døde?
Signatur
  (trådstarter)
   #24
 2,987     Vestlandet     0
Med 1m overheng i front (over port) av garasjen får eg vel om lag:
Snølast (2,5Kn), + egenvekt "ein bjelke" (0,61Kn) + egenvekt trebjelkelag (0,8Kn) = 3,91Kn + tekking = 4,0Kn
4,0Nm * 3,3m (mellom stålbjelkar) = 13,2Kn

Her vil eg gjerne overdimensjonera litt m.t.p. at eg ikkje ønskjer nedbøying over port, at altanen kan verta belasta meir somme stader, vil sikra meg osv. Eg bør då kanskje sjå eter noko som tåler ca 20kn på 3 meter?
HEB140 og oppover har meir enn 20kn på 3 meter.

Kva ana tålar 20kn over 3 meter?
Signatur
  (trådstarter)
   #25
 2,987     Vestlandet     0
Det vert HE140B over garasjeport. Dette er den største stålbjelken eg får plass til mellom elementa. Eg håpar 50cm opplag på kvar side er nok.

Kvar 6m lange HE200B vil bera om lag 1/4 av vekta til og på taket. Halvparten av dette igjen vil kvila på yttervegg, medan halvparten av vekta (altså 1/8 av totalvekta til altanen) må berast av opplaget til kvar stålbjelke inn mot huset. Korleos bør opplaget vera der?

Eg har sett for meg nokre alternativ:

-Dobbel 48 x48 stolpe under kvar bjelke ned på plate (armert 10cm betong). Dette stjeler litt golvplass.
-Få sveist "øyrer" på enden av bjelkane og festa kvar av dei med 3 ekspansjonsboltar i grunnmur.
- Festa ei eller ana form for bjelkesko i grunnmur som stålbjelke kvilar på, eller i
- andre alternativ?

Kva tenker internettet vil vera best/enklast?
Signatur
   #26
 15,385     0
De 48 stolpene dine må være stål, bare slik at vi ikke tviler på at det er det du har tenkt på.
De andre oppleggsmetodene dine kan umulig holde. Det som kan hende at holder er å lage hakk i muren til bjelkene, tenk bare på hvordan dette tettes vedr brannmotstand.  Men en må også virdere om muren i det hele tatt klarer slike krefter selv.  Kan godt hende at du må ha noe ned på uttersiden også. Husk også hva denne skal stå på.  På lagerbygg på jobb er banketten forsterket rundt hver søyle.  Jeg har tykk vegg mot huset med mange stendere, isolerer denne slik at dette kommer til å bli den varmeste inneveggen på huset.  Her har vi skjøtt på veggen med branngips siden veggen går opp utenfor svill etc. i hovedetasjen. Men siden jeg har en kontinuerlig vegg og mange takbjelker så ligger de ned på bare doble vanlige stendere under en svill.
  (trådstarter)
   #27
 2,987     Vestlandet     0
Ei eller ana innfesting med bolting i mur vert altså alt for svakt?

Eg kan kanskje greia å få bora meg inn i mur, slik at bjelken kviler på/i muren.

Kan det vera fare for at muren ikkje tåler dette? Er det så valdsame krefter? Det er 20cm tjukk uarmert grunnmur i betong frå 1970.

Er det noko god måte å fordela vekta frå bjelkane på grunnmuren? Noko på festa i grunnmur på tvers under stålbjelke, som denne kviler på?

Kvar stålbjelke/ståldragar (kva er riktig ord her) må bera litt under 1/4 av altanen, altså om lag 11kvm. Med opplag i begge endar, må enden inn mot grunnmur då bera om lag 5,5kvm med altan.
Om det er 4,5Kn/kvm vert det om lag 2,5 tonn opplaget til kvar stålbjelke må bera. Kan det stemma nokonlunde?
Signatur

   #28
 15,385     0
Kan ikke finne noe sted hva kjellermuren din er laget av, så du må starte med det og finne ut hvor tykk den er. Da kan det hende at det holder å lage hakk I muren og legge bjelkene der. Unasett hva veggen er laget av ville jeg ikke likt noen av de andre løsningene siden en ikke har god kontroll på hva en infesting med bolter tåler.
  (trådstarter)
   #29
 2,987     Vestlandet     0
Nøyaktig kva samansetning og betongkvalitet på grunnmur veit eg ikkje.

Det er om lag 20 cm tjukk grunnmur i uarmert betong. Oppført i 1970. Det er ikkje ei sprekk i muren på 50 år. Heller ikkje tæring eller andre skader under bakkenivå, trass fall mot mur, mykje vatn i grunn og ingen isolasjon. Eg tolkar det som eit godt teikn på god kvalitet/god stand.
Signatur
  (trådstarter)
   #30
 2,987     Vestlandet     0
Prata med naboen i dag, som er sjølverklært ekspert på alle områder av livet. Han var hellig overtydd om at 4 stk 20mm ekspansjonsboltar per stålbjelke ville halda i massevis. Men eg er fortsat usikker.

No ligg stålbjelkane her og ventar på at veggar er klare før dei kan plasserast, og festast.
Signatur