204
3
0
Lufting øvst på kledning utan takutstikk
2,987
Vestlandet
0
Eg har eit hus som er omtrent identisk med denne modellen:

Røstveggen på mitt hus er "trekt inn" ca. 10cm i første etasje i forhold til loftet.
Eg har tenkt å lekta ut denne veggen 10cm for å isolera. Veggen vil då verta plan, som på denne modellen.
So far so good.
MEN det er ikkje opning i kledning for lufting i toppen av veggen i dag. Det vil jo eg forsøka å få til. Problemet er jo at det ikkje er noko takutstikk her. Kun nokre bord mot tak.
I tillegg vil nye luftelekter vera 12mm tjukkare (frå ca 11mm til 23mm), som gjer at veggen kjem ytterlegare 12mm ut.
På langveggane vert luftinga leda opp på kaldloft er planen. Unngår då opning øvst på vegg.
Korleis kan eg løysa dette?
Eg ser for meg 3 moglege løysingar:
1)
Klura til ei eller ana løysing ved taket som gjer at veggen kan trekkjast ut 12mm, som vil gi opning for luft, samstundes som det er regntett. Eg anar ikkje korleis det kan løysast. Heller ikkje nøyaktig korleis overgangen vegg/tak er løyst
2)
Montera eit eller ana beslag, med opning under, i veggen mellom 1. etasje og kaldloft. Slik at luft kan koma inn/ut, men vatn vert leda over. Estetisk tvilsom løysing?
3)
Lekta ut kun 73mm på denne veggen. Mindre isolasjon og for mykje 48x98 til overs. Ikkje kjempeproblematisk
4)
Kan luftinga av kledninga her ledast inn på kaldloft på eit vis, utan utvendig "opning" i kledning? Er det kanskje løyst slik i dag? Kan eg få dette til sjølv med 12mm ekstra luftelekter?
(kom på punkt 4 mens eg skreiv)
Kva er riktig løysing?

Signatur
Lufting på toppen kan vel kanskje lures inn på kaldloftet eller ut i (det ikke-eksisterende) takutstikket.