339
3
0
Ny betongtrapp til vaskeromsdøra, korleis avslutta mot veggen?
2
0

Eg skal bygga ny betongtrapp til vaskeromsdøra etter å ha drenert og etterisolert rundt huset. Tanken er å ha ein platting øverst som er 120cm brei og 100cm djup. Heile trappa vert bygd på ikkje-telefarlege massar (nesten rett på fjellet). Plattingen havnar rett under overkant av kledningsbord nr 2. Den gamle trappa var av tre og gjekk ned langs husveggen, noko som ikkje er mogleg lenger pga. glaset og lysgrava til venstre. Den nye trappa vil difor gå ut frå plattingen tvers for døra og svinga ned framfor lysgrava.
Eg har googla litt rundt for å finna ei god løysing på overgangen mellom vegg og trapp, men har ikkje blitt så klok. Eg forstår at eg må saga vekk kledning og lekter og flytte musebanda opp. Då må eg vel også saga opning i overgangsbeslaget mellom grunnmur og kledning. Kan eg berre støypa rett mot asfaltplatene, eller må eg ha noko imellom? Og korleis gjer eg det i toppen og på sidene, her må vel inn noko beslag for å leda vatnet på riktig veg?
Du kan jo fylle litt løsleca på baksiden i tillegg.
Hmm eg vurderte å ordna med litt klaring frå veggen og la han vera som han er, men vil ikkje det vera ganske fy-fy? Eg kjem jo ikkje lenger til å få mala / vedlikehalda kledningsborda bakom der... kva om dei rotnar?
For ordens skuld, her er trappa eg har planlagt: