3,149    7    0  

Oppgygging innvendige veggar i kjellar

 2,987     Vestlandet     0
Hei!

Eg skal setja opp veggar mot grunnmur (2 veggar) i kjellaren på eit hus frå 1950. Derfor lurer eg litt på kva som er anbefalt, og håpar nokon kan kort fortelja om eg er heilt på villspor her.

Utgangspunkt: 2 veggar mot terreng, ca. 1/2 - 2/3 opp på vegg. Utvendig ny drenering, slamming, knotteplast og 5cm isolasjon under terreng. eit vindu på 100x50cm, som skal skiftast.

Planen: 2"x3" stenderverk med eit par cm klaring frå mur, 10cm Glava heilt inntil mur, kle igjen med ferdigmalte MDF plater. (dette var framgangsmåten eg vart anbefala forrige gong.)

Golv vert avretting, isolasjon (3mm), varmefolie, dampsperra og laminat.

Er eg på villspor? Er det evt noko anna eg bør gjera? Andre ting å tenka på?

Signatur

   #1
 49     0
Jeg gå for samme løsning som du etter anbefaling fra en byggingeniør, bygger ut veggen med 2x4" med 6cm mellomrom fra stender til murvegg (bygger så langt ut primært for å få innfelte vann og vbv skap).

Usikker på om det er behov for noen form for utlufting hvis man går for våtromsplater slik jeg har tenkt, noen som vet?
Oppgygging innvendige veggar i kjellar - image.jpg - Terjejg
  (trådstarter)
   #2
 2,987     Vestlandet     0
Ingen som har innspel?
Signatur
   #3
 1,387     Tromsø     0

2"x3" stenderverk med eit par cm klaring frå mur, 10cm Glava heilt inntil mur, kle igjen med ferdigmalte MDF plater. (dette var framgangsmåten eg vart anbefala forrige gong.)

Golv vert ... dampsperra ...


Eg er amatør på dette, men fekk tilsvarande anbefaling på ein kjellar med betongmur. Der blir det gips på veggene. Trur også det var sagt at det ikkje skulle vere plast på varmesida, men dette er eg usikker på. Trudde det var vanleg med plast på varm side.
Eg ville undersøkt dette med evt dampsperre i vegg, og dessutan ville eg sjekke nærmare kvar dampsperra skal vere i golvet. Det eg har vore borti er å legge ein kraftig plastfolie under støypen, slik at det ikkje kjem fukt i betongen nedanfrå.
   #5
 89     0

Ingen som har innspel?

Kan virke som om dette er omtrent ferdigdiskutert tema, fikk lite respons på tilsvarende innlegg ;)
Jeg har lest gjennom en del tidligere tråder om emnet og forhørt meg litt med Rockwool og Glava. Vi har vegger under en garasje der 1 er helt under bakkenivå, en er ca 2/3 under bakkenivå og en er ca 1/2 under bakkenivå, siste er husets grunnmur. Vi kommer til å sette stenderne 2 eller 3 cm ut fra veggen, legge 2 eller 3 cm trinnlydplater bak stenderverket og så 5 cm glava mellom stenderne. Gips ytterst. Det skal ikke brukes plast hvis mer enn 50% av veggen er under bakkenivå. Det er lurt å ha mest mulig diffusjonsåpen kledning for at evt kondens kan luftes ut. Prøvde å finne ut noe om hvilken malingstype som er mest diffusjonsåpen, på svensk byggebolig fant jeg at noen mente at akrylmaling var mer åpen enn oljemaling.
Det med å ha luft mellom isolasjon og vegg er ivrig diskutert i andre tråder, jeg har landa på å ikke ha det. Jeg ville vært skeptisk til å kle med våtromsplater Terjejg, men nå er jeg ingen ekspert på området.
Ang dampsperre i grunn regner jeg med at det er laga noen form for plast under betongen også, er ikke det vanlig? Vi har plastduk nederst og så i for meg ukjent rekkefølge betong, isolasjon og varmekabler og har tenkt å ha et våtromsbelegg på topp. Forhørte oss litt ang to tette lag på hver sin side av betongen, men kloke hoder her mente at det burde gå bra så lenge det ikke er noe biologisk materiale mellom.
  (trådstarter)
   #6
 2,987     Vestlandet     0
Takkar for tipsa folkens!

Den typen varmefolie eg skal bruka under laminat/parkett hadde tydelege instruksjonar på at det skulle vera plast over den. Så det får eg vel nesten etterkomma?

I betongen tvilar eg på det er noko form for fuktsperre/isolasjon frå før. Huset er 65år og ganske spartansk bygd med sand som isolasjon i etasjeskillet osv.

Signatur
   #7
 1,387     Tromsø     0

Den typen varmefolie eg skal bruka under laminat/parkett hadde tydelege instruksjonar på at det skulle vera plast over den. Så det får eg vel nesten etterkomma?


Sikkert best å gjere som dei seier


I betongen tvilar eg på det er noko form for fuktsperre/isolasjon frå før. Huset er 65år og ganske spartansk bygd med sand som isolasjon i etasjeskillet osv.


Dei brukte nok lite plast i den tida ja.