693
11
3
Tilbygg/utbygg av yttervegg
2,987
Vestlandet
1
Heisann!
Huset vårt ser sånn ut i dag:

Der det i dag er altan, ønskjer me å flytta ytterveggen heilt ut, slik at dette vert ein del av huset innvendig.
Eg har overbevist konemor om at dette er berre plankekøyring, så ho har gått med på det:)
Men er det bree plankekøyring? Korleis gjer me det?
Grovplanen vår er å:
- Fjerna rekkverk og terassebord
- Setja opp stenderverk til ny vegg som går flukt med resten av ytterveggen på huset, slik at etasjeskillet til loftet no kviler på den. Ca. 1.1m ut.
- Kle stenderverk samstundes som me skiftar kledning på resten av huset.
- isolera mellom bjelkane som er der i dag, leggja golvspon, kle innvendig osv.
- Eg vi tru at dette bør støttast frå undersida på eit eller anna vis (det er blant planlagt to store vindauge her). Så me bør vel leggja ein dragar av dobbel 2"x8" under med stolpar ned i bakken eller noko sånt. Helst først.
Er me heilt på bærtur?

Signatur
Det blir ikkje meir enn om lag 6kvm ekstra buareal.
Kommune først, så firma til prosjektering og utføring?
Firma først, så kommune?
Er det noko av dette eg kan gjera sjølv? Eg vil jo helst gjera alt sjølv....
Så eg kan søka om å gjera dette sjølv, men må kunna henvisa til ein person med kompetans som eg har rådført me med?
Eg trur ikkje dette skal vera all verda hokus pokus, men kjedeleg om det vert vanskeleg pga reglar.
Eg eg har prøvd for harde livet å få tak i kommunen dei siste vekene for å få veiledning før eg søker. Me ønskjer blant anna å bygga utebod/garasje i i tillegg tilknytta huset, på venstre side.
Planen er no endra. Me ønskjer no å "trekkja ut" kjellarveggen og.
Mtp at me ønskjer å forlenga sokkeletasjen om lag 5 meter mot venstre, for å nytta det som utebod/verkstad/garasje (vurderer å byggja det med ei eller anns form for isolerte blokker Leca e.l.?) tenkte me å "forlenga" fronten av garasjen heilt bort til hjørnet ved kjellardøra, slik at bjelkelaget til altanen kviler på denne veggen. Så trekker me ut veggen i hovudetasjen. Og til slutt riv me betongveggen innanfor.
Eg ser for meg at dette ikkje skal vera så vannvittig mykje ekstra arbeid i forhold til å fundamentera altanen godt i bakken med 2-3 påler. Eg har forstått det som at desse uansett måtte grevast godt ned, frostsikrast med xps, mykje betong osv uansett.
Er me på bærtur?
Svigerfar har erfaring med bygging av mur til garasje, hytter osv. Alle vindu og dører skal uansett skiftast og nokre flyttast. Hovudetasjen har me allereie tenkt å utvida. Me ønskjer tilbygg av sokkeletasjen mot venstre uansett.
Dette vil ikkje gi oss mykje mei buareal i kjellaren, så det er ikkje naudsynt av den grunn. Det gir oss 4kvm større soverom og 2kvm større yttergang. Det vil gi oss, etter vår meining, finare fasade då me seinare kan bygga pent overbygd inngangsparti. I tillegg kan me bygga litt over 1 meter djupare (5kvm) bod/garasje og tilsvarande terasse oppå. Hovudetasjen ser me for oss å utvida den meteren uansett for å få den planløysinga me ønskjer.