3,326
4
0
Gulv vannbåren varme
76
Hordaland
0
Har blitt mange timar god lesing her inne på forumet, men har likevel nokre spørsmål som nokon kanskje kan svare på:
1. Dei fleste som skal gjere ei billeg gulvløysing til vannbåren varme velger spaltebord. Er det derimot nokon som har erfaring eller kommentarar til å bruke 2 x 12 mm gipsplater som underlag? Eg har allereie bjelkelag + sponplater. Får jo då meir lydisolering (har leiglegheit under), mindre sjanse for knirk, samt at gips held mykje betre på varmen enn forskalingsbord...
Tenkjer i så fall å kutte plate i 30 cm lange bord og leggje varmefordelingsplater og 20mm rør mellom. Deretter parkett/12 mm laminat oppå. Evt kan ein jo leggje platene direkte ned og frese spora, men det tek nok litt meir tid... Er det ein god grunn til at eg ikkje har lese noko om dette?
2. Ang spaltebord. Kvifor vel dei fleste 98mm x 98mm eller 98mm x 148mm. Er det ikkje like greit å kjøre kunn 122mm bord?

Kva dimmensjon på spaltegulvet du grukar er ikkje så nøye, det skal berre gå opp med rett cc avstand på enklaste måte med minimalt arbeid.
Med vannbåren varme er det ønskeleg at gulvet akkumulerar minst muleg varme.
for å få ei rafkare regulering.
"mange" brukar også sundolitt, slik som du har tenkt å bruke gips.
Håpar at dette var nokre (gode)svar
Er med på at dess mindre gulvet held på varmen, dess raskare går det å regulere varmen. Men eg tenkte at dersom gulvet held betre på varmen vil det vere meir økonomisk på sikt. Tek jo lenger tid å varme opp gips enn spalte-/forskalingsbord, men så held varmen seg derimot lenger òg.
Har sett litt på eps-plater òg, får prøve å tenkje litt på pris, tid og effekt.
Igjen; takk for innspel