392    3    1  

Vannbåren varme for nybegynnere

 2,987     Vestlandet     0
Heisann folkens!

Eg rotar rundt litt her på forumet, opprettar nokre emner, les litt på nettet osv kring VBV. Eg er relativt grøn på dette, så det er relativt mykje eg lurer på. Heldigvis er det mange her inne med mykje kompetanse på området og ein del gode emner til inspirasjon. Problemet for min del er at eg kan så lite om dette i utgangspunktet at det er ein del som går over hovudet på meg.
Eg ser det er ein del emner om mange av dei same spørsmåla eg har. Derfor tenkte eg det kunne vera lurt å oppretta eit emne som tar for seg ei innføring i kva VBV er, korleis det fungerer, kva utstyr, må/bør/kan ein ha og kva funksjon dette har, kva komponentar/alternativ ein har å velja i osv. Alt saman i relativt enkel og kortfatta listeform.

Dette kan eg alt for lite om til å oppretta sjølv, så eg håpar eigentleg det er nokon med meir kompetanse enn meg som vil stå for dette.

Fordelen eg ser med dette er at då unngår BB fleir emner frå meg som "kva gjer ein ekspansjonstank", "korleis fungerer dobbelmantla beredar" osv.
Signatur

  (trådstarter)
   #3
 2,987     Vestlandet     0
Har sett tråden tidlegare. Fann den ikkje igjen når eg søkte.

Det eg tenkte var at det kunne vore med ein kortfatta samletråd her, med den viktigaste infoen ein treng for vbv. Litt som eit oppslagsverk med innføring, som brukarane kan nytta før ein går vidare til andre emner.
Signatur