1,115    0    0  

Må endre teikningar pga NVE og kommune har endra på sitt prosjekt

 13     Sunnmøre     0
Hei  :)

Innvikla overskrift, men skal prøve å forklare.

Vi har ei elv som går forbi tomta vår, som NVE oppgraderar for fullt no. Vi har venta lenge på at dette prosjektet skal bli ferdig, slik at vi kan starte med vårt påbyggingsprosjekt.

Vi fikk godkjent rammeløyve, og teikningane (måla) blei utarbeida gjennom planlegging ilag med arkitekt, NVE og kommunen. Prosjektet i elva var ikkje påbegynt ved godkjenninga.

Vi visste at NVE kom til å ta litt av tomta vår, og vi var einige i "kompensasjonen".

Idag er prosjektet til NVE nesten ferdig.

Problemet: Vi har fått godkjent eit bygg som skulle vere 6,8 m breidt. No kan vi ikkje bygge meir enn 4,4 m breidt. For oss er det ikkje krise å måtte endre på planane, men vi treng nye teikningar. Dette kostar sjølvsagt pengar, noko vi ikkje er intr. i å betale, sidan vi hadde godkjente teikningar. Ikkje har vi lyst/tid til å vente på ny godkjenning heller (3 mnd venting)

Kan vi kreve at NVE/kommunen dekker arkitektutgifter og at behandlingstida blir nedkorta?


Blir veldig takknemleg for svar :)