2,498
15
0
Behandling av fjell/skrent
259
Breim
0
På tomten får eg ein bakmur/skrent på mellom 1.5 og 2 meter, som eg gjerne skulle hatt "behandla". Etter skyting og pigging, har fjellet inntatt ein del ymse formasjonar, og fjellet er skifer - og dertil knallhardt.
Er det fullstendig utopisk å gå på dette med gamle typar verktøy - som hammar og meisel - og tru at ein skal få eit ok resultat til slutt? Eller bør eg droppe old-school, og heller gå for el-artiklar med slag..?
Eller bør eg berre la det bli med heile greia, og la naturen gå sin skeive gang..?

Utopi - tidtrøyte eller gjennomførbart..?
Andre tips til løsning er sjølvsagt også velkomment..

Signatur
PS! Dette er ikke skifer
Et alternativ er Rådhusvillvin på toppen, da ser du ikke snurten av fjell om få år. Alternativt krypfuru ved foten av skrenten.
Har vore inne på tanken om å sage heile flata, for å få fram spelet i skiferen skikkelig, men pga. sprengning har den gått av både i liggeplanet og ståplanet. Ein annan ulempe er at det ikkje er så mange som driv med denne typen steinsaging, med diamantwire. Sørlandet Steinsaging er vel langt framme - men også langt unna..
Testa ut med hammar og meisel i dag, og får forma fjellet smått om senn.. Men det blir eit livslangt prosjekt, er eg redd.
Og jo, det er nok skifer. Heile området vi bur i er kvartsittskiferområde. Og Nordfjord Skifer leverar skifer av samme kvalitet til prosjekt over heile landet..
Litt av problemet er at eg kan ikkje nulle ut kotehøgdene ved å ta ned denne veggen. Ei heller kan eg gå for langt inn på nabotomten for å ta unna dette.. Det har pent kløv, men det blir litt i overkant å pigge ned alt og så evt. bygge opp igjen med naturstein.
Jaja, jeg skal gi meg på den. Jeg syntes det så veldig gneis-ish ut på de første bildene, men jeg har ombestemt meg nå
Men ja, eg vil pynte. Og så vil eg gjere det meir barnevennlig. Det er så mange skarpe kantar her no, at om dei skulle klatre opp og ramle ned, så kjem dei ned utan hud og hår....